Den kulturelle skulesekken

1. mars 2021 blei Kampen trekt ut som eitt av sju prosjekt til Meir nynorsk i DKS.
Skjermdump frå kulturtanken.no (01.03.2021).

Hjelp til utvikling

Meir nynorsk i DKS er ei satsing meint for å få fleire nynorske bidrag inn i Den kulturelle skulesekken. Som eit ledd i prosjektet vil Seanse (Senter for kunstproduksjon) støtte utviklinga av ein kunstproduksjon basert på boka Kampen. Målgruppa vil vere 5.-7. trinn.

Meir informasjon om samarbeidet med Seanse og utviklinga av DKS-produksjonen vil kome etter kvart.

Eg har skrive ei bok eg sjølv ville hatt god nytte av å lese som 11-åring, då eg skjønte at eg var homofil. Draumen er å lage ein DKS-produksjon som ikkje berre eg, men heile klassen min hadde hatt godt av å sjå.

Geir Egil Eiksund til Kulturtanken

Follow Me

Get new content delivered directly to your inbox.

%d bloggarar likar dette: