Om boka

Kampen (2021)

Sklitaklingar og hjartebank

Det har nettopp blitt sommarferie, og Andreas gler seg til å spele fotball med Sara og dei andre frå klassa kvar einaste dag. Men denne sommaren flyttar det ein ny gut til bygda, ein gut med United-kaps og eit veldig fint smil.

Den nye guten heiter Viljar, og Andreas sitt hjarte slår raskare når dei er saman. Samstundes driv Sara og sender hjartemeldingar heile tida, og Andreas veit ikkje kva han skal svare tilbake.

Kampen handlar om vennskap, kjærleik og sjalusi. Aller mest er det historia om Andreas, 11 år, som gjennom nokre vanskelege sommardagar er nøydd til å bli kjend med seg sjølv på nytt.


«Eg ville skrive ei historie som eg sjølv hadde hatt godt av å lese som 11-åring.»

Geir Egil Eiksund om Kampen.

%d bloggarar likar dette: